tirsdag 23. september 2008

Everyday Life in Grants Pass!

Hei igjen! Liten oppdatering på dagliglivet.



Som eg har sagt tidligare så har eg bytta familie. Eg bur no hos Hugh og Carolyn Brown, go dei skullen egentli berre ha meg ei lito stond, men dei bestemte seg for å beholda meg resten av året:)

Dei e i 60 åro og har to voksne døttre, Kari (Karen) og Jodi, som e flytta ut heimafra, men fremdeles bur her i Grants Pass. Kari e gift med Jeff og dei har nesten ett år gammle Nathan. Hos dei bur og Nora, noko som e veldig beleieleg. Jodi e gift med Paul. Dei har ikngen onga sammen, men Paul har fra før Preston, Ryan og Alex. Dei har og ein utvekslingsstudent, Martin fra Tyskland.

Alle har og honda:

Hugh og Carolyn har ca. ett år gammle Dusty, som e veldig full av energi, og e veldig søt når ho vil. Ho e den minste honden i familien.

Kari og Jeff har Josie og Kelly. Dei e begge store og galne, men veldig snille å søte.

Jodi og Paul har to pittbulla. Eg e fullt klar øve at da hørres skummelt ut, men disse pittbullane e verdens snillaste. Dei minne meir om eit par små kue:)



Carolyn og Hugh bur egentli utenfor skuedistriktet så, me måtte gjera litt pairarbeid før da va greit at eg budde her. Men alt blei godkjent og greit! Huset e på ein måte i skogen og da tar ca. 10 min å kjøra inn te sentrum. Eg har mitt eget rom og bad. Og eg har fått queensize seng, noko eg ikkje har probleme med i da heila tatt:) Ein av naboane (Barbara) har som hobby å mata Bambiane som e rundt her (og da e ein god del), så me ser månge av dei kvar dag. Da mesta eg har sett på ein gong e 23 stykk. Da e litt gøy!
Og har eg forresten nevnt at me har basseng?:) Da e ikkje veldi stort eller noko, og da e ganske kaldt, men poenget e: Eg har basseng i hagen:D

Noko anna som e litt gøy e at ein av dei andre naboane e ei gammal Hollywoodstjerna! Eg tulle ikkje! Prøv Lee Wilde eller Wilde twins på google, så får du sjå:)

Så har me skule då. GPHS; Grants Pass High School! Den e svær, og da e veldi månge folk der. Skulen e fra 7.45 til 15.05 kvar dag, bortsett fra onsdaga når me begynne 8.45. Timeplanen e samme kvar dag, noko som e ganske stor forandring (og ein blir lett drittlei nåken av fago)
Timeplanen min e som følger:

1. periode: Holocaust Studies med mr. Jaroslow
2. periode: American Gouvernment med mr. Cowell
3. periode: French 2 med madame Southwood
4. periode: Chemestry med ms. Wanderwoude
5. periode: US History med mr. Cowell
6. preiode: LUNCH!
7. periode: Film as Literature med mr. Gottula
8. periode: Geometry med mrs. Rozell

Eg like stort sett ale fago og lerarane mine, bortsett fra 3. periode, der eg egentli ikkje har mykje sansen for nåke av delane...

Football e stort på denna skulen! Og då meine eg STORT! Eg har berre vore på ein heimakamp endo, med tribunane e stappfulle og folk (eller jaffal studentane) e ville. Eg digge da! På kampane e da marchingband, og cheerleadare og alt anna som hørre med. Og ting e akkuratt som i alle dei typiske High School filmane. Da gjelde forsåvidt for alt med skulen, ikkje berre kampane. Itte den kampen va me og på vår første High School dance! Da va gøy, men bortsett fra at folk faktisk dansa, va da ikkje så forskjellig fra heima. Men detta va ikkje ein sånn veldig formell sak då. Ikkje i nærheten av Prom og Homecoming.

Da va litt om ka som sjer for tio. Ska prøva å vera flinkare å oppdatera, men da e litt mykje å gjera, og litt for lito tid å gjera da på... So little time, so much to do!

Tone!:)

søndag 7. september 2008

Maui, Hawaii!<3

Her kjeme teksten til alle bildene fra jenteturen til Hawaii! Bildene e ikkje i verken kronologisk eller nokon anna rekkefølge, men tekst nr. 1 e te da øverste bildet OSV:


1. Dette er frå fredagen. Det var den første dagen vi våkna opp på Maui. Det er meg utanfor den dyraste suvenirbutikken me fann, med eit svær palmetre. Den dagen kjørte me rundt på ørsmå veiar og fekk sjå ein god del av Maui. Denne butikken låg på toppen av ein haug og hadde utsikt rett ut i havet!


2. Fredag. Meg framfor ''blåseholet'' (the blowhole). Men sidan kameraet mitt er så treigt fekk me ikkje med oss den skikkelige spruten, men det var urtulig kult å sjå på! Og bakken rundt oss bestod berre av lavastein.


3. Fredagskvelden på luau. Huladans i Hollywoodstyle. Dei hadde eit heilt langt show med huladans og flammedans, og dei var utrulig flinke! På luauen fekk me og SVÆR tradisjonel hawaiimiddag.


4. Lørdag. Dette er utanfor hotellet vårt, og eg sitte i døro til den herlige bilden vår, som me kjørte opp og ned og fram å tilbake på Maui med! og taket var selfølgelig stort sett nede. Dette er ein Toyota Solara for dei som lurte på det. Og me var alle enige om at det var ein god inverstering!


5. Ein av dei mange nydelige blomane på Hawaii. Denne er så perfekt at den ser falsk ut! Og bildet er tatt i sjutida om morgonen, så det er fremdeles dugg på den.


6. Fredag. Dette er meg sammen med ein av dei lokale. Denne karen her solgte frukt og suvenirar på toppen av ein av dei mange haugane, og han budde der også! Han sov i ein falleferdig bil og hadde eit lite felttoalett på sida, og han syns selfølgelig me var heilt fantastiske!


7. Fredag. Eg og Samantha etter lauauen med bassenget vårt. Dette bassenget var rett utanfor døra vår, og i midten var det ein tropisk blomts i mosaikk! Nydelig! Og bassenget blei nesten ikkje brukt av andre enn oss heller!


8. Fredag. Shallon, Katarina, Rita og Samantha på toppen av klippo der me såg ned på ''blåseholet.''


9. Fredag. Meg i midten av eit av dei mange steinhjertene på toppen av klippa med ''blåseholet.''


10. Mandag. Katarina i positur på ei strand me var på for å slappa av litt etter snorkletur på båt!


11. Lørdag. Bryllypet. Omgivelsane vielsen føregjekk. Ikkje så verst til å vera andrevalg, eller ka? Der dei eigentleg skulle ha vielsen regna det kraftig, så heile greit blei flytta.


12. Torsdag. Dette var mitt første møte med Hawaii. Denne stranda skal visstnok vere ein av det flottaste på Maui. Dan og Jess (brudeparet) tok meg med hit rett fra flyplassen.


13. Fredag. Smoothiebussen! Ein av våre mange stopp på kjøreturen vår:-) Men merkelig nok hadde dei ikkje vanlig smoothie!


14. 15. Utsikten vår! Basseng, palmetrer og sjø!<3


16. Mandag. Dette er havna me for ut frå og kom tilbake til etter snorkleturen vår. Meininga med turen var eigentleg å gå ut til Molokini, som blir rekna som ein av verdas beste snorkleplassar, men på grunn av vind gjekk ikkje det ann.


17. Mandag. Katarina og eg på båten på vei heim etter snorkling:)


18. Mandag. Eit utrulig nydelig bilde! Dette er stranda me for til etter båtturen, og dette er faktisk eit godt bilde av dei fleste strendene på Maui!


19. Mandag. Katarina på båttur.


20. Søndag. Parasailing! Dette var ein stor opplevelse. For dei som ikkje veit ka parasailing e, så e da altså å bli dratt i ein fallskrem etter ein båt. Her er Katarina og Shallon på veg opp i lufta, med vår smilande fallskjerm!:)


21. Mandag. Sam og eg som vente på bølger store nok til å kroppssurfe på. Eg traff berre ei bølge den dagen, sjølv om det var mange gode.


22. Søndag. Meg, Sam, Shallon og Katarina på veg tilbake etter parasailing. Fjella på Maui i bakgrunnen.


23. Søndag. Landinga til meg og Sam. Som du kansje ser har Sam litt problem med selen. Instruktøren sa mange gangar før me gjekk opp at me ikkje måtte ake oss fram i selen, men likevel var det akkuratt det Sam gjorde. Derfor blei heile flyturen litt ubehagalig for ho, mens me andre hadde det ganske så morsom i fleire dagar etterpå!


24. Søndag. Katarina, Sam og eg i bassenget vårt etter ein lang dag!


25. Søndagens solnedgang utenfor hotellet vårt:)


26. Lørdag i bryllupet. Brudeparet med alle brudepikene (som drakk tilsammen nesten 50 coctaila seinare på kvelden. Og 50 e ikkje å underdriva, for eg fekk sjå den endelige barrekningen:P)


27. Lørdag. Shallon, eg og Sam i bryllupet.


28. Søndag. Shallon og Katarina som var veldig fornøyde med sin parasailingtur.


29. Lørdag. Fonteno i dammen utenfor lokelet for bryllupsfesten. Dammen var stor og det for ender å svømte der, go mmed den lyssette fontena blei det aldelses nydelig!


30. 31. 32. Samantha, Katarina og eg på benken fra filmen Forrest Gump (kopi riktignok). Dette var utanfor Bubba-Gump Shrimp Co. Resturant, som og er frå filmen.


33. Lørdag. Vielsen på stranda!


34. Lørdag. Sam, Shallon og eg i nokre virkelig behagelige hengestolar me traff på mens me var på shopping! Og mannen/guten som solgte dei hadde sjølv vore utevekslingsstudent på High School i New Zealand.


35. Lørdag. Trenge eg å sei noko serleg om dette bildet? Første kyss som rette ektefolk!

36. Fredag. Tradisjonell huladans på luau.


37. One again... Utsikten vår!<3


38. Fredag. Katarina og eg var i slaget og svært inspirert etter luauen.


39. Fredag. Flammedansarane på luauen. Da va rett å slett skummelt å sjå på! Og ein av dei sto rett attmed oss å vifta med fakklane sine, og eg var livredd!


40. Fredag. Sam, eg og Katarina med hav og lavastein.


41. Søndag. Solnedgang utanfor hotellet igjen!


42. Fredag. Ein av dei mange haugane med ørsmåvegar me kjørte over.

43. Fredag. Shallon med sin søte vesle lavasteinstatue!:)

44. Fredag. Dette er i den fantastiske skogen/jungelen me måtte gå gjennom for å komme til plassen me skulle snorkle. Dette treet var gigantisk og det hadde lianar hengande ned rundt stamma og fra alle greinene. Viss du ser nøye etter kan du sjå Katarina, meg og Sam med foten av treet.

45. Fredag. Katarina. Legg merke til kossen sjøen ser ut i bakgrunnen. Det var så mykje energio i vatnet der at du hadde mest sansynleg blitt drept i løpet av sekundar om du hadde dotte uti. Enten av å bli dratt under og drukna eller å bli slengt inn i lavaberget.

46. Fredag. Stranda og korallrevet der me var å snorkla.

47. Fredag. Dette blei kalla ein landsby av dei lokale. ''Landsbyen'' bestod av fire hus, ein fruktbod, ei lita kjørkje, og ein låve...

48. Fredag. ''Blåseholet''!

49. Fredag. Katarina, eg og Sam med da stora treet i jungelskogen.

50. Mandag. Shallon og Samantha på vei opp fra sjøen itte ein tur i sklio på båtturen! Det var berre me og han som står i bakgrunnen som brukte den (han var ein av manskapet på båten), og mange av dei andre syns det var fantastisk gøy å sjå på!

51. Fredag. Rita og Katarina på toppen av klippa med ''blåseholet.''

52. Fredag morgon. Plametrer.

53. Mandag. Katarina i fult firsprang!

54. Fredag. Jungelskogen!

55. Mandag. Shallon og Katarina. Legg merke til kor klart og blått vatnet e.

56. 57. Søndag. Eg og Sam på parasailing.

58. Mandag. Meg i sklia.

59. Søndag. Eg og Sam igjen. Sam hylte som ein stukken gris når dei dyppa oss... Ho var nemlig redd for hai!

60. Lørdag i bryllupet. Jessica.

61. Lørdag. Jess og Rita, dotter og mor.

62. Lørdag. Shallon, eg og Sam på stranda. Legg merke til dei fine blomekransane me hadde kjøpt inn for anledningen!

63. Mandag. Shallon blei og tvinga med, og ho syns det var så gøy at ho måtte gjere det igjen!

64. Lørdag. Brudeparet med mødrene sine.

65. Lørdag. Shallon Katarina og eg i vannkanten.

66. Fredag. Sam, eg og Katarina med ''blåseholet.''

67. Fredag på luau igjen. Her bar dei inn den heile grilla grisen me fekk servert! Den var faktisk utrulig god!

68. Fredag. Hula-prinsesso. Denna dansen framførte ho på senen som hadde sjøen i bakgrunnen og var nermast oss, og midt i dansen skaut da opp ein belyst fontene bak ho. Det gjorde det heile nydelig!

69. Fredag. Enno ei huladanserinne. Ho her hadde heilt utrulige hoftebevegelsar! Ingen normal person kunne bevegd seg sånn ho gjorde.

70. Lørdag. Katarina, Sam og eg i bryllup.

Maui e ein nydelig plass, og får du nåken gong muligheten; REIS! Da e verdt pengane!

Tone!:)

fredag 5. september 2008

Maui, Hawaii!<3

Eg hadde ein fantastisk tur til Hawaii, og fekk med meg mykje! Tekst til bildene kjemer i innlegget oppfor!