tirsdag 16. juni 2009

Slutten...

No e alle koffertane pakka, dei fleste farvello tatt og eg e så lei at eg ikkje orka å skriva på nynorsk ein gong.

Eg kan ikkje tru at året e øve allerede! Da har gått så alt for fort, og da har vore ein aldeles fantastisk og ubeskrivelig opplevelse. Eg har ikkje ei angrande cella i kroppen!

Detta e da nok ikkje mange her fra GP som komme te å lesa (og forstå), men uansett:
Tusen takk te alle som har vore ein del av detta året, og gjort da te ein så herlig opplevelse for meg! Eg komme te å savna dåke så fryktelig, og håpe eg får sjå dåke alle igjen ein gong!

Te alle dåke der heima:
Eg har savna dåke, og gler meg te å sjå dåke igjen på torsdag eller dei kommande dagane!
Og for dei av dåke som fremdeles lure: Eg lande på flyplassen i Stokken på torsdags kveld, ca kl 18.05!:)

Detta e og slutten på denna bloggen, men eg har kjørt i gong ein ny blogg på engelsk:
http://myblw.blogspot.com/

Eg håpe dei av dåke som har lest denna bloggen følge med øve på den neste:)


Eg hive med detta vesla minnet. Detta e eg, Nora og Marit når me va i San Francisco på vei her te for første gong. Ein av dei mest nervøse dagane i mitt liv, men da føles som om da va i går:)

torsdag 11. juni 2009

Besøk og sånn!

I går fekk eg besøk her i GP. Og det var ikkje av kven som helst: Mari, Magnus, Bente og Svein Egil var her i byen over natta. Mari sov hos meg og dei andre sov på hotell i byen. Va veldig koselig å sjå dei igjen:)



Til Mormor:

Mamma fortalte meg at du oppererte foten forrige veke? Eg vil berre ønske deg godt bedring:) Me snakkest om ikkje så veldig lenge no! Glad i deg!


Tone

søndag 7. juni 2009

Graduation

Så var også Graduation overstått. Sermonien og alt var flott, men det heile var over så alt for fort og no er det i fred med å gå opp for meg at det heile er over! Mitt fantastiske år på GPHS er offisielt slutt, og det har gått så alt for fort! Det følest som om det var forrige veke eg kom av flyet og klamra meg til Nora som ein forskremt hamster.

Etter sermonien var me på The YMCA og hadde vårt ''All Night Grad Party,'' som er det det høyrest ut som; ein fest som varer heile natta!:) Det va ekstremt gøy, og det var alle mulige aktivitetar og premiar og mat og i det heile tatt! Natta forsvant alt for fort, men når eg og Martin kom heim kom me oss knapt nok opp trappene før me gjekk på hovudet i kvar vår seng.

Lørdags kveld hadde me BBQ her for Martin med familie og venner, sidan han reiste i dag. Gøy, men likevel ein smule trist. Etter det kjørte me til Ana sitt hus der me koste oss med film og sånn:) Når gutane gjekk heim satt me (Ana, Maria, Katharina og eg) på The Notebook og sovna på stovegolvet.


I dag morges sto me opp og kjørte til Tap Rock for å ete frukost og sei hade til Martin og foreldra hans ein siste gong. Dette var forferdelig lite greit. Det var vel egentlig først då det gjekk opp for meg at det heile er over. Tårene rant og i det heile tatt.



Men her kjem i allefall eit par gla'bilder frå Graduation!:)






fredag 5. juni 2009

Dagen før dagen...

Veldig kort innlegg. Har vert ei travel veke, men i morgon er den store dagen her: Graduation Day at Grants Pass High!

Ein av dei mest roste graduation sermoniane i Oregon finn stad på Mel Ingram Field i morgon kveld kl 19.30!

søndag 31. mai 2009

I can't believe it's over...

Eg kan ikkje tru det! Mi tid på Grants Pass High School er over. Fredag var siste senior dag. Noko så trist! Folk kom opp til meg i gangane og klemte meg, og fortalte kor mykje dei kom til å savne meg, folk eg neste ikkje kjenner ein gong:P

Graduation er riktignok ei veke fram i tid, men me har ikkje skule heile den kommande veka. No har eg to veker med mykje planar framfor meg. BBQ og avtalar over alt. På onsdag er det senior trip med elvebåtane og senior BBQ etterpå.

Eg er faktisk akkurat kommen heim frå elvetur no. Denne gongen var det med Martin foreldra, Jodi og familien, og Carolyn og Hugh. Ei oppsumering av turen? : VÅTT!:D


Eg kjem til å sakne GPHS så ekstremt mykje! <3

tirsdag 26. mai 2009

The ultimate update!

Ja, her kjem heile oppdateringa om alt som har føregått i det siste, kortversionen riktig nok, men oppdatering er det no i det minste:)
Senior Skipday
Senior Skipday er ein tradisjon for svært mange High School-ar rundt omkring i USA. (Nokon har kansje også sett filmen? Det var ikkje sånn min skipday førgjekk, kan eg i alle fall fortelje). Det er egentleg akkurat det det høyrest ut som; alle seniorane skuler skulen denne dagen.

Min dag blei bukt på elva. Rafting! Eg, Nora, Martin og Guillem trossa det relativt kalde vatnet, go plasserte oss i kvar vår oppblåsbare kano (Tahiti) og kasta oss ut på elva. Nora sine foreldre kom også på besøk til Grants Pass i forrige veke, så dei var også med, men dei satt i vanlege gummibåtar saman med Hugh og Bud (nabo). Til tross for at vatnet var grisekaldt i starten, brukte både eg, Nora og Martin meir tid i elva enn i båten. Av ein eller anna uviss grunn kom beinrangelet, Guillem, seg tilbake i båten, nesten før den var snudd rundt.
Me hadde det veldig kjekt sjøl om huden var kraftig raud av sol når kveldinga kom.

Boatnick og Memorial Day
Denne langhelga vert kalla Memorial Weekend på grunn av Memorial Day, som var på mandag. Her i GP er dette ei svært begivenhetsrik helg; Det eg vil kalle Festival helg, og som eg er utruleg glad i:) Dei har tivoli i parken heile helga, ein parade på lørdags føremiddag (nesten som 17. mai tog:D) og båtløp på elva, mandagen. Det er profesjonelle folk som er med i dette båteløpet, og det skal visstnok vere ein god slant med pengar i seierspotten. Me samla oss hos Grandma, som har hus med utsikt ned på elva. Der hadde me lunch, og såg båtane frese forbi:)
Paraden såg eg saman med Jodi og Martin, men etter to timar måtte me gi etter for den sviande solsteiken og gå heim før paraden var slutt. Tivoliet var eg innom eit par gongar, men den eiaste grunnen til at eg gjekk dit, var for å sjå og bli sett. Og det faktum at eg elskar atmosfæren rundt slike opplegg!:)
Bursdags feiring for Nora
På lørdag blei Nora 18 år, og det blei feira med BBQ og fullt hus. Til og med Randy (Nora sin ''boytoy'':P) kom til denne feiringa. Det gjorde merkeleg nok Karleigh og Emily og, men dei blei ikkje verande svært lenge.
Som eg heilt sikkert har nevt før, så er Jeff kokk, og det var derfor fantastisk nydelig mat! Og hans spesialitet, ostekake, er alltid himmelsk!
Eg og Martin satt stort sett på samme plass heile kvelden go berre naut all herlegheita:) FunFunFun!

Crater Lake
På søndag tok me turen til Crater Lake. Det er noko du MÅ gjere om du har budd i Oregon i eit år! Det var absolutt nydeleg der oppe! Veret var fantastisk og det heile var faktisk veldig som å komme til norsk fjellheim. Snø og granskog og raude tømmerbyggningar.



Fleire bilder kjem sannsynlegvis seinare, men for no får det holde med det er har tilgjenngeleg:)

lørdag 23. mai 2009

Boatnick, Bursdag og alt som høyrer med

Jajaja... Eg veit eg e svært dårleg til å oppdatere no, men det er så ALT for mykje som sjer for tida! Eg lover eg skal sette meg ned å gjere dette skikkelig, så snart eg får ei ledig stund. Då kan eg fortelje om, Memorial Day, Boatnick, Rafting, Nora sin 18 års dag, Senior Skipday, Crater Lake og alt anna som førgår her i GP for tida.
Solbrent er eg og blitt for dei som eventuelt lurte på det!:)
Bilder skal eg og få med så snart alt er tilrettelagt for ei god skrivestund!