tirsdag 29. april 2008

Informasjonsmøte i Bergen

I dag har eg og alle dei andre frå Hordaland som skal reise til USA vore på møte i Bergen sammen med foreldre. Var ganske kjekt, egentlig! Fleire av dei andre eg kjenner som skal reise var der og. Var overraskande å sjå at det var så mange berre frå Hordaland. Eit kraftig fåtal av gutar, faktisk! Turen tok så godt som heile dagen, og no er eg litt sliten.

Fekk ein god del nyttig informasjon, og fekk og treffa vår kontaktperson her i Norge.
Ein litt merkeleg ting vi fekk høyre om gladt visumet vi treng for å komme inn i landet. For å få dette visumet må vi sjølv reise til Oslo og møte opp personlig ved den amerikanske ambasaden. Og for å komme inn der må alle bagar, vesker og liknade leggast igjen på utsida. Vi må også sjekkast for våpen og farlege gjennstandar. Foreldre får ikkje vere med inn på ambasaden, så derfor skal eg og Mari kansje reise til Oslo åleine med nattog eller fly! Skremmande tanke!
Vi fekk og vite ein nærare dato for avreise: 26. eller 27. juli! Og selfølgelig må eg jo nevne dei mindre fine bagane vi fekk utlevert. Desse må vi ha med oss når vi reiser, slik at reisefølget vårt kan kjenne oss igjen:)

Merker absolutt at tida for å reise kjem nermare. Det heile verkar meir og meir verkeleg for kvar dag som går!Litt skremmande, men også veldig, veldig spennande!:)

Will write you again soon,
Tone!:)

Ingen kommentarer: