I dag fekk eg endelig brevet frå EF om at dei har funne vertsfamilie til meg! Eg skal til familien Chapman som bur eit stykke utanfor Grants Pass i Oregon. Dei er ein familie på 4 + ein hund. Den eldste av barna er ei jente på 17 år, altså på min alder. Dei har og ein gut som er 7 år gamal.
Skulen eg skal gå på heiter Grants Pass High School og ligg ca. 12 km (8 miles) frå der eg bur. Fargane til skulen er blå og kvit og maskoten er ein huleman eller ''caveman''. Det går omlag 1800 elevar der. Skulen er altså ein del større enn den eg gjekk på her heime. Nokre av sportane dei har på skulen er football, fotball, svømming, tennis, basketball og golf.
Skal skrive meir om både skulen, byen og familien når eg får lest litt meir!:)
Tone:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Eg e så glad på dine vegne eg=D
Eg og!:D Åsso... På mine egne veiene... Eller på dine og for del saks skyld... Jaja:P Du sjønne ka eg meine:P
haha;P ja, i see!
Men da beste av alt er at me bur så nærme=D
Legg inn en kommentar