I dag har eg vore på den amerikanske ambassaden med visum søknaden min. Noko meir alvorlig trur eg aldri eg har vore med på!
Rundt ambassaden var det eit høgt stålgjerde, og på andre sida av vegen var det eigen vaktpost for politiet. Så måtte eg stå i kø då... Heldigvis var me der tidleg slik at vente tida ikkje vart så veldig lang. Litt i overkant av ein time tok det heile.
Før eg fekk komme innanfor gjerdet og inn på sjølve ambassaden, måtte eg gjennom sikkerhetskontrollar i hytt og pine... Det var litt ekkelt!
Så når eg kom inn i bygget måtte eg levere frå meg alle papir + pass og pengar, og så var det enno litt meir venting.
Når eg kom fram til luka satt det ei koseleg amerikansk dame som stilte meg nokre få spørsmål... Det tok toppen 5 min.
Så var faktisk alt ferdig! No må eg berre vente på å få tilsendt visumet og passet!
Eg og mamma var i Oslo over natta, og det blei (heldigvis) og tid til litt shopping!:)
No er det og berre 11 dagar til eg reiser!
Tone:)
2 kommentarer:
Oi, vi reiser med samme fly. Funnet mange vi skal reise sammen med?
Gleder meg!
Åå? Så gøy! Eg kjenner ei som vi skal reise med og så har jeg snakka med ei anna jente fra Bodø osm vi skal reise med:) Du då? Kor skal du bu?
Legg inn en kommentar