Hey y'all! (Sånn seier folk frå Texas det)
I går hadde me Wacky Games på Campus! Det er noko av det løgnaste eg har vore med på i heile mitt liv! Kvart lag bestod av klassane, og me hadde på førehand laga flagg og kamprop! Dei aller fleste hadde og tegna seg i fjeset og lagt ein skikkelig ''effort'' i det heile! Det minna meg faktisk litt om ein blanding av 17. mai og håndballfestivalen!
Game 1: The forzen balloon
Alle i klassen stod på ei linje etter kvarandre. Vi hadde ein ballong med frosse vatn i som var festa til ei lang snor. Så måtte alle tre ballongen gjennom t-sjorta (eventuelt shortsen for dei gutane som gjekk i bar overkropp) og tråden måtte holde alle sammen til ballongen kom til den bakerste i rekka. Då måtte me ta den samme veg tilbake. Kladt på magen!
Game 2: Spinn the apple!
Vår returnee snurra oss rundt ti gongar, og deretter fekk me eit eple som skulle plaserast mellom beina, og skullen bli verande der mens me hoppa bort til kvar vår lærar og slapp eplet på eit fat. Eplet blei kasta tilbake til returnee-en og den neste i køen måtte gjer det samme. Eg trur eg var svimmel i fleir minuttar!
Game 3: The hottest chick!
Dette var det morsommaste av alle lekane. Vi skulle kle ein gut på laget ut som jente, og han skulle bli ''The hottest chick on campus.'' Tomas meldte seg frivilleg hos oss før Heather i det heile hadde forklart leken. Det var og vår returnee, Einar, som demonstrerte korleis det skullen gjerast. Noko han gjorde med stil! Alle ''chicks'a'' måtte og selfølgelig gå catwalk! Hysterisk morsomt!
Game 4: Painting with your nose!
Dette gjekk ut på at kvar klasse skulle skrive EF på eit stort ark (me skulle bruke heile arket). Den einaste haken var at det skulle gjerast med nasa! Så alle mått dyppe nasa i raudmalingog male ein strek kvar. Og me endte då selfølgelig opp med maling på heile kroppen!
Game 5: Turn around!
Her sto me og på ei linje. Dette ligna litt på stolleken, eller musical chairs. Dei spelte musikk og vi skulle snu oss bort frå den som stod bak/framfor oss i køen. Dei to som stod med ansiktet motkvarandre når musikken stoppa blei ''straffa.'' Straffa var at me skulle hnege minimarsmellows i fjestet på kvarandre. for å få dei til å henge brukte me sjokoladesaus... Og av ein eller anna grunn stoppa det veldig ofte på meg og Michiel eller meg og Sigurd. Så eg fekk ein del sjokolade! Men Sigurd berre åt alle marshmellows'ane, han!
Game 6: Finding the lifesavers!
Her var det og ein del grising:P Dette gjekk ut på at me skulle me skulle finne ein lifesaver (ein liten kvit snopeting) på eit fat med mjøl. Forsåvidt greit nok, det. Men tingen var at det skulle gjerast med ein tannpirkar. Eg stakk like godt tannpirkaren gjennom fatet og løtfta heile greiene, men dei ville ikkje godkjenna det desverre...
Game 7: Making out (in an old fashion way)!
Her måtte me sende eit eple mellom haka og brystet uten å bruke hendene. Eplet gjekk frå person til person, så dette blei, som Heathe sa; Nice and intimate:P
Tomas åt faktisk eplet etterpå... Det var litt ekkelt!
Til slutt var det meininga at vi skulle lage ein stor ring å sitte på fanget til kvarandre... Slik at alle skulle ha eit fang å sitte på. Men her blei det litt problem då ei av jentene frå Chile vridde kneet i feil vinkel og endte opp på sjukehuset. Men ho har det heldig vis bra no!
Det var ein aldeles fantastisk kveld!
Tone:)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
ååå, da hørtes kjekt ut!! Du kose deg sikkert kjempe masse Tone :D
Legg inn en kommentar