Ja, her kjem heile oppdateringa om alt som har føregått i det siste, kortversionen riktig nok, men oppdatering er det no i det minste:)
Senior Skipday
Senior Skipday er ein tradisjon for svært mange High School-ar rundt omkring i USA. (Nokon har kansje også sett filmen? Det var ikkje sånn min skipday førgjekk, kan eg i alle fall fortelje). Det er egentleg akkurat det det høyrest ut som; alle seniorane skuler skulen denne dagen.
Min dag blei bukt på elva. Rafting! Eg, Nora, Martin og Guillem trossa det relativt kalde vatnet, go plasserte oss i kvar vår oppblåsbare kano (Tahiti) og kasta oss ut på elva. Nora sine foreldre kom også på besøk til Grants Pass i forrige veke, så dei var også med, men dei satt i vanlege gummibåtar saman med Hugh og Bud (nabo). Til tross for at vatnet var grisekaldt i starten, brukte både eg, Nora og Martin meir tid i elva enn i båten. Av ein eller anna uviss grunn kom beinrangelet, Guillem, seg tilbake i båten, nesten før den var snudd rundt.
Me hadde det veldig kjekt sjøl om huden var kraftig raud av sol når kveldinga kom.
Boatnick og Memorial Day
Denne langhelga vert kalla Memorial Weekend på grunn av Memorial Day, som var på mandag. Her i GP er dette ei svært begivenhetsrik helg; Det eg vil kalle Festival helg, og som eg er utruleg glad i:) Dei har tivoli i parken heile helga, ein parade på lørdags føremiddag (nesten som 17. mai tog:D) og båtløp på elva, mandagen. Det er profesjonelle folk som er med i dette båteløpet, og det skal visstnok vere ein god slant med pengar i seierspotten. Me samla oss hos Grandma, som har hus med utsikt ned på elva. Der hadde me lunch, og såg båtane frese forbi:)
Paraden såg eg saman med Jodi og Martin, men etter to timar måtte me gi etter for den sviande solsteiken og gå heim før paraden var slutt. Tivoliet var eg innom eit par gongar, men den eiaste grunnen til at eg gjekk dit, var for å sjå og bli sett. Og det faktum at eg elskar atmosfæren rundt slike opplegg!:)
Bursdags feiring for Nora
På lørdag blei Nora 18 år, og det blei feira med BBQ og fullt hus. Til og med Randy (Nora sin ''boytoy'':P) kom til denne feiringa. Det gjorde merkeleg nok Karleigh og Emily og, men dei blei ikkje verande svært lenge.
Som eg heilt sikkert har nevt før, så er Jeff kokk, og det var derfor fantastisk nydelig mat! Og hans spesialitet, ostekake, er alltid himmelsk!
Eg og Martin satt stort sett på samme plass heile kvelden go berre naut all herlegheita:) FunFunFun!
Crater Lake
På søndag tok me turen til Crater Lake. Det er noko du MÅ gjere om du har budd i Oregon i eit år! Det var absolutt nydeleg der oppe! Veret var fantastisk og det heile var faktisk veldig som å komme til norsk fjellheim. Snø og granskog og raude tømmerbyggningar.
Fleire bilder kjem sannsynlegvis seinare, men for no får det holde med det er har tilgjenngeleg:)
2 kommentarer:
Skjønner at du har det kjekt, ja! Du har ein fantastisk vertsfamilie som tar deg med på alt dette! Kven er Grandma? Ho har me ikkje høyrt om før. Og den derre ostekaka til Jeff,- få med deg oppskrifta heim, då! Crater Lake ser berre nydeleg ut. Gler oss til fleire bilete!
Klemm frå mamma og Ingvild :)
Steiki kor fint! å så masse gøy:O stakkar deg så kjeme heim igjen t Stord snart:P hehe, neida.
Gler meg t du kjeme heim!
Klem Tonje=)
Legg inn en kommentar