søndag 7. juni 2009

Graduation

Så var også Graduation overstått. Sermonien og alt var flott, men det heile var over så alt for fort og no er det i fred med å gå opp for meg at det heile er over! Mitt fantastiske år på GPHS er offisielt slutt, og det har gått så alt for fort! Det følest som om det var forrige veke eg kom av flyet og klamra meg til Nora som ein forskremt hamster.

Etter sermonien var me på The YMCA og hadde vårt ''All Night Grad Party,'' som er det det høyrest ut som; ein fest som varer heile natta!:) Det va ekstremt gøy, og det var alle mulige aktivitetar og premiar og mat og i det heile tatt! Natta forsvant alt for fort, men når eg og Martin kom heim kom me oss knapt nok opp trappene før me gjekk på hovudet i kvar vår seng.

Lørdags kveld hadde me BBQ her for Martin med familie og venner, sidan han reiste i dag. Gøy, men likevel ein smule trist. Etter det kjørte me til Ana sitt hus der me koste oss med film og sånn:) Når gutane gjekk heim satt me (Ana, Maria, Katharina og eg) på The Notebook og sovna på stovegolvet.


I dag morges sto me opp og kjørte til Tap Rock for å ete frukost og sei hade til Martin og foreldra hans ein siste gong. Dette var forferdelig lite greit. Det var vel egentlig først då det gjekk opp for meg at det heile er over. Tårene rant og i det heile tatt.



Men her kjem i allefall eit par gla'bilder frå Graduation!:)






2 kommentarer:

Anonym sa...

Kor flott det ser ut!
Klart at det e trist at alt e over...Men eigentleg er det vel berre begynnelsen på noko nytt. No har du fått mange gode vener for resten av livet, og mange du kan besøka rundt omkring!Opplevelsene står i kø foran deg....

Anonym sa...

SÅ stilig! åsså blåe kappe og hatta! ville eg og hatt, va jo til og med ein fin blåfarge! må ver gøy å oppleva sånt:P heldige du:)
Tonje