Jajaja... Eg veit eg e svært dårleg til å oppdatere no, men det er så ALT for mykje som sjer for tida! Eg lover eg skal sette meg ned å gjere dette skikkelig, så snart eg får ei ledig stund. Då kan eg fortelje om, Memorial Day, Boatnick, Rafting, Nora sin 18 års dag, Senior Skipday, Crater Lake og alt anna som førgår her i GP for tida.
Solbrent er eg og blitt for dei som eventuelt lurte på det!:)
Bilder skal eg og få med så snart alt er tilrettelagt for ei god skrivestund!
lørdag 23. mai 2009
fredag 15. mai 2009
Årets første bad
Jada, då var det og unnagjort! Kansje var det ikkje i sjøen og kansje er det seinare enn vanleg, men kaldt var det uansett...
Eg og Martin fekk nemleg denne gode ideen om at me skulle hoppe i bassenget, og avgjeringa blei tatt før me såg på temperaturen... Desverre.
10 grader celsius, nemleg! Men forfriskande var det i det minste:)
mandag 11. mai 2009
SENIOR PROM 09 <3
Prom var ein fantastisk opplevelse... Som i filmane, berre betre!
Me hadde limo, ein hummer med plass til 20 personar, speil og lys i vegger og tak, sota ruter, bar (jada, alkoholfri), stereo, telefon, og alt verd å ha i ein limo! Ganske greit i grunnen... Ring limoen så han kan komme og plukke oss opp, kor som helst, når som helst.
Middag som VIP på ein resturant som ikkje har opna enno. Neste helg er den store opninga, og sidan me var ''prøvekaniner'' fekk me og middagen gratis + kvar vår vinflaske med spesiallaga cider for anledninga. Grunnen til at me var der, var ein intitasjon frå ei jente på skulen som skal begynne å jobbe der. Maten var fantastisk og bordet hadde utsikt over elva... NYDELEG!
Dansen i seg sjøl var og eit eventyr. Temaet for kvelden var Hollywood Nights, og det var nett som å komme inn i ei anna verd! Kantina og skulen var ikkje gjennkjenneleg! Det var nydeleg pynta, med lys i trea, raud løpar, bogegongar og heile pakka... Til og med ein sjokoladefontene var det der! Og god DJ, og me dansa til me var heilt utslitte!
FANTASTISK KVELD, FANTASTISK MINNE, UTVILSOMT EIT HØGDEPUNKT! <3

tirsdag 5. mai 2009
Seattle<3
I helga har eg vore i Seattle sammen med dei andre ISE utvekslingsstudentane fra Oregon. Eg må heilt ærleg innrømme at eg ikkje såg så verldig fram til denne turen, men då tok eg feil. Hadde det veldig gøy! Va så koselig å sjå mange av dei andre igjen.

Oss frå sør reiste torsdags morgon til Portland. Der sov me hos Gayle (region ansvarlig) til fredag, før me reiste vidare til Seattle dagen etter. Fra Portland tok me og med fleire nye:)
Den beste delen av heile turen var nok baseball kampen på fredags kvelden. Ikkje det at eg er så veldig glad i baseball, men berre stemninga er godt nok for meg. Det var ein relativt bra kamp også. Og heimelaget vann 7-8 så det var relativt spennende!
Me var på to museum; The actvie music project - music museum, og The museum of flight. Veldig spennande begge to, men Museum of flight var nok favoritten! Der hadde dei nemleg ein flysimulator som eg og Marla frå Brasil hadde det gøy med... La meg berre sei det slik; Det blir nok ingen luftpilot av nokon av oss!:P
Var og på det relativt berømte Pikes Place Market, som egentlig er mest som fisketorget i Bergen, synest no eg. Der var me og innom verdas første Starbucks, som opna i 1912.
The Space Needle er jo sjølvsagt også eit must. Me tok ikkje heisen til toppen for det var dyrt og me hadde ikkje så god tid. Dessuten starta det å regne i ekte vestlandsstil, så me bestemte oss for å heller gå tilbake til hotellet og ta kvelden:)
Gøy tur, fantastiske folk! Håper nokon av dei kjem ned her på besøk i slutten av Mai:)
onsdag 29. april 2009
mandag 27. april 2009
Siste tur til kysten
Den føregåande helga var me på campingtur til kysten igjen for å kjøre firhjuling. Eg reiste ut på torsdag etter skulen saman med Marci og Jeff (naboane). Carolyn og dei hadde allereie reist den morgonen, og Nora, Kari, Jeff og co kom etter på fredag.
Mangfoldige timar gjekk med ute på sanddyene, og veret var stort sett fint heile tida, til tross for ein guffeleg temperatur.
Eg fekk meg og eit par flygeturar. Sanden var mykje tørrare denne gongen enn tidlegare, og det fekk eg erfare relativt tidleg. Allerede på første turen kom eg fullstendig ut av balanse og satt kursen rett over styret, for så å få sykkelen veltande over meg. Det blei då sand over ALT og eg jobber fremdeles med å bli kvitt alt det.
Mitt andre fall var resultatet av ein litt fort krapp sving og eg fekk i det minste ikkje sykkelen over meg denne gongen. Eg måtte og snu den over åleine, og om du nokon gong har prøvd å løfte ein 350 cc Banshee, så veit du at det kan vere ganske tongt.
Eg hadde alt i alt ei fin helg, sjølv om eg er litt stiv og støl no. Og glup som eg er, tok eg desverre ingen bilder denne gongen, men Carolyn tok i det minst nokre få:
Nathan tok sin første turut på sanddynene, med nyinnkjøpt sykkelhjelm og køyrebiller.
Eg og Dustie og min Banshee!
Mangfoldige timar gjekk med ute på sanddyene, og veret var stort sett fint heile tida, til tross for ein guffeleg temperatur.
Eg fekk meg og eit par flygeturar. Sanden var mykje tørrare denne gongen enn tidlegare, og det fekk eg erfare relativt tidleg. Allerede på første turen kom eg fullstendig ut av balanse og satt kursen rett over styret, for så å få sykkelen veltande over meg. Det blei då sand over ALT og eg jobber fremdeles med å bli kvitt alt det.
Mitt andre fall var resultatet av ein litt fort krapp sving og eg fekk i det minste ikkje sykkelen over meg denne gongen. Eg måtte og snu den over åleine, og om du nokon gong har prøvd å løfte ein 350 cc Banshee, så veit du at det kan vere ganske tongt.
Eg hadde alt i alt ei fin helg, sjølv om eg er litt stiv og støl no. Og glup som eg er, tok eg desverre ingen bilder denne gongen, men Carolyn tok i det minst nokre få:
tirsdag 21. april 2009
Late dagar i GP:)

Som me seie her i GP: It's the climate!:)
Dei siste dagane har vore herlege her i Grants Pass. No er sommeren verkeleg komme, spør du meg. Temperaturane har vore mellom 80-90 F (25-35 C) og sola har hengt på skyfri himmel sidan fredag. Mangfoldige timar blei tilbrakt i ein solstol oppe med bassenget i hagen, og tanning-forholda var det ingenting å klage på:) Carolyn påstod riktignok at både eg og Nora hadde fått for mykje sol, men me syns det var akkuratt nok. Men ho synest da va for gale å sitte i bikini (bak huset vendt mot skogen?) til skue for ein kvar nabo:P
På torsdag er det kysten og firhjuling som står for tur, og så sett eg kursen for Seattle, saman med blant andre Maria, Jakub, Lars, Marthe og Katharina, veka etter:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)