onsdag 29. april 2009
mandag 27. april 2009
Siste tur til kysten
Den føregåande helga var me på campingtur til kysten igjen for å kjøre firhjuling. Eg reiste ut på torsdag etter skulen saman med Marci og Jeff (naboane). Carolyn og dei hadde allereie reist den morgonen, og Nora, Kari, Jeff og co kom etter på fredag.
Mangfoldige timar gjekk med ute på sanddyene, og veret var stort sett fint heile tida, til tross for ein guffeleg temperatur.
Eg fekk meg og eit par flygeturar. Sanden var mykje tørrare denne gongen enn tidlegare, og det fekk eg erfare relativt tidleg. Allerede på første turen kom eg fullstendig ut av balanse og satt kursen rett over styret, for så å få sykkelen veltande over meg. Det blei då sand over ALT og eg jobber fremdeles med å bli kvitt alt det.
Mitt andre fall var resultatet av ein litt fort krapp sving og eg fekk i det minste ikkje sykkelen over meg denne gongen. Eg måtte og snu den over åleine, og om du nokon gong har prøvd å løfte ein 350 cc Banshee, så veit du at det kan vere ganske tongt.
Eg hadde alt i alt ei fin helg, sjølv om eg er litt stiv og støl no. Og glup som eg er, tok eg desverre ingen bilder denne gongen, men Carolyn tok i det minst nokre få:
Nathan tok sin første turut på sanddynene, med nyinnkjøpt sykkelhjelm og køyrebiller.
Eg og Dustie og min Banshee!
Mangfoldige timar gjekk med ute på sanddyene, og veret var stort sett fint heile tida, til tross for ein guffeleg temperatur.
Eg fekk meg og eit par flygeturar. Sanden var mykje tørrare denne gongen enn tidlegare, og det fekk eg erfare relativt tidleg. Allerede på første turen kom eg fullstendig ut av balanse og satt kursen rett over styret, for så å få sykkelen veltande over meg. Det blei då sand over ALT og eg jobber fremdeles med å bli kvitt alt det.
Mitt andre fall var resultatet av ein litt fort krapp sving og eg fekk i det minste ikkje sykkelen over meg denne gongen. Eg måtte og snu den over åleine, og om du nokon gong har prøvd å løfte ein 350 cc Banshee, så veit du at det kan vere ganske tongt.
Eg hadde alt i alt ei fin helg, sjølv om eg er litt stiv og støl no. Og glup som eg er, tok eg desverre ingen bilder denne gongen, men Carolyn tok i det minst nokre få:
tirsdag 21. april 2009
Late dagar i GP:)

Som me seie her i GP: It's the climate!:)
Dei siste dagane har vore herlege her i Grants Pass. No er sommeren verkeleg komme, spør du meg. Temperaturane har vore mellom 80-90 F (25-35 C) og sola har hengt på skyfri himmel sidan fredag. Mangfoldige timar blei tilbrakt i ein solstol oppe med bassenget i hagen, og tanning-forholda var det ingenting å klage på:) Carolyn påstod riktignok at både eg og Nora hadde fått for mykje sol, men me syns det var akkuratt nok. Men ho synest da va for gale å sitte i bikini (bak huset vendt mot skogen?) til skue for ein kvar nabo:P
På torsdag er det kysten og firhjuling som står for tur, og så sett eg kursen for Seattle, saman med blant andre Maria, Jakub, Lars, Marthe og Katharina, veka etter:)
onsdag 15. april 2009
Ein dag på Grants Pass High
Dette er eit lite prosjekt eg hadde gåande etter anbefaling frå EF, men eg gjorde ein relativt dårleg jobb bak kameraet, så prosjektet vart lagd på is etter lunch. Men her er i alle fall det vesle eg oppnådde.
Justin og Lea søkte andre mogleikar, enn den svette kantine-pizzaen.
Maria visar fram sin flotte smoothie, som såg ein smule giftig ut.
Velkjende Ronnie Fields i djup konsentrasjon til ein forandring.
Kjemi er spennande saker, kan eg fortellja.
Min kjære, smarte lab partnar; Shaolyn
Hayleigh (Grandma i skodespelet vårt) i min teater klasse.
Katie, Matt og Brittney i full aksjon på storscena.
Morgonstund har gull i munn... Så sant Nora har fått sin daglege dose Duch Bros kaffi.
Robert er svært fasinert over det norske språk som han får høyre både titt og ofte.
fredag 10. april 2009
Jakta på promdress = Vellukka!
torsdag 9. april 2009
Bok!
I dag fekk eg endeleg boka som Mari og Tonje laga til meg, og mange andre skreiv helsingar til oss før me reiste hit:)
Va så glad då eg reiv papiret av pakken! Takk, jentene mine<3 (No er dagboka snart på vei og)
Va så glad då eg reiv papiret av pakken! Takk, jentene mine<3 (No er dagboka snart på vei og)
onsdag 8. april 2009
Det norske språk...
Frå no av har eg eit nytt mål med bloggen: Ikkje skrive meir på dialekt! Eg har
nemleg lagt merke til at mitt skriftlege moderspråk er starta å falme litt. Det er nemleg ikkje så lett å hugse på alle nynorske grammatikkreglar når alt ein skriv er på engelsk. Så i framtida skal eg skrive mest på bokmål og kansje eit par innlegg på bokmål og. Eg skal jo tross alt få ståkarakter i norsk til neste år og. Det er i det minste planen!:)
Ellers så kan eg nemne at jakten på ein ''Promdress'' er no i gong. Prom skal arrangerast 9. mai, så det heile nermar seg no med sjumils steg. Så langt har eg berre kikka litt rundt på nettet, men på fredag skal eg, Nora og Carolyn verkeleg ut å jakte. Oppdatering frå det kjem nok og:)
Her er eit par kjolealternativ så langt:

Abonner på:
Innlegg (Atom)