No e alle koffertane pakka, dei fleste farvello tatt og eg e så lei at eg ikkje orka å skriva på nynorsk ein gong.
Eg kan ikkje tru at året e øve allerede! Da har gått så alt for fort, og da har vore ein aldeles fantastisk og ubeskrivelig opplevelse. Eg har ikkje ei angrande cella i kroppen!
Detta e da nok ikkje mange her fra GP som komme te å lesa (og forstå), men uansett:
Tusen takk te alle som har vore ein del av detta året, og gjort da te ein så herlig opplevelse for meg! Eg komme te å savna dåke så fryktelig, og håpe eg får sjå dåke alle igjen ein gong!
Te alle dåke der heima:
Eg har savna dåke, og gler meg te å sjå dåke igjen på torsdag eller dei kommande dagane!
Og for dei av dåke som fremdeles lure: Eg lande på flyplassen i Stokken på torsdags kveld, ca kl 18.05!:)
Detta e og slutten på denna bloggen, men eg har kjørt i gong ein ny blogg på engelsk:
http://myblw.blogspot.com/
Eg håpe dei av dåke som har lest denna bloggen følge med øve på den neste:)
Eg hive med detta vesla minnet. Detta e eg, Nora og Marit når me va i San Francisco på vei her te for første gong. Ein av dei mest nervøse dagane i mitt liv, men da føles som om da va i går:)
tirsdag 16. juni 2009
torsdag 11. juni 2009
Besøk og sånn!
I går fekk eg besøk her i GP. Og det var ikkje av kven som helst: Mari, Magnus, Bente og Svein Egil var her i byen over natta. Mari sov hos meg og dei andre sov på hotell i byen. Va veldig koselig å sjå dei igjen:)
Til Mormor:
Mamma fortalte meg at du oppererte foten forrige veke? Eg vil berre ønske deg godt bedring:) Me snakkest om ikkje så veldig lenge no! Glad i deg!
Tone
Til Mormor:
Mamma fortalte meg at du oppererte foten forrige veke? Eg vil berre ønske deg godt bedring:) Me snakkest om ikkje så veldig lenge no! Glad i deg!
Tone
søndag 7. juni 2009
Graduation
Så var også Graduation overstått. Sermonien og alt var flott, men det heile var over så alt for fort og no er det i fred med å gå opp for meg at det heile er over! Mitt fantastiske år på GPHS er offisielt slutt, og det har gått så alt for fort! Det følest som om det var forrige veke eg kom av flyet og klamra meg til Nora som ein forskremt hamster.
Etter sermonien var me på The YMCA og hadde vårt ''All Night Grad Party,'' som er det det høyrest ut som; ein fest som varer heile natta!:) Det va ekstremt gøy, og det var alle mulige aktivitetar og premiar og mat og i det heile tatt! Natta forsvant alt for fort, men når eg og Martin kom heim kom me oss knapt nok opp trappene før me gjekk på hovudet i kvar vår seng.
Lørdags kveld hadde me BBQ her for Martin med familie og venner, sidan han reiste i dag. Gøy, men likevel ein smule trist. Etter det kjørte me til Ana sitt hus der me koste oss med film og sånn:) Når gutane gjekk heim satt me (Ana, Maria, Katharina og eg) på The Notebook og sovna på stovegolvet.
I dag morges sto me opp og kjørte til Tap Rock for å ete frukost og sei hade til Martin og foreldra hans ein siste gong. Dette var forferdelig lite greit. Det var vel egentlig først då det gjekk opp for meg at det heile er over. Tårene rant og i det heile tatt.
Men her kjem i allefall eit par gla'bilder frå Graduation!:)

fredag 5. juni 2009
Dagen før dagen...
Veldig kort innlegg. Har vert ei travel veke, men i morgon er den store dagen her: Graduation Day at Grants Pass High!
Ein av dei mest roste graduation sermoniane i Oregon finn stad på Mel Ingram Field i morgon kveld kl 19.30!
Ein av dei mest roste graduation sermoniane i Oregon finn stad på Mel Ingram Field i morgon kveld kl 19.30!
søndag 31. mai 2009
I can't believe it's over...
Eg kan ikkje tru det! Mi tid på Grants Pass High School er over. Fredag var siste senior dag. Noko så trist! Folk kom opp til meg i gangane og klemte meg, og fortalte kor mykje dei kom til å savne meg, folk eg neste ikkje kjenner ein gong:P
Eg kjem til å sakne GPHS så ekstremt mykje! <3
Graduation er riktignok ei veke fram i tid, men me har ikkje skule heile den kommande veka. No har eg to veker med mykje planar framfor meg. BBQ og avtalar over alt. På onsdag er det senior trip med elvebåtane og senior BBQ etterpå.
Eg er faktisk akkurat kommen heim frå elvetur no. Denne gongen var det med Martin foreldra, Jodi og familien, og Carolyn og Hugh. Ei oppsumering av turen? : VÅTT!:D
Eg kjem til å sakne GPHS så ekstremt mykje! <3
tirsdag 26. mai 2009
The ultimate update!
Ja, her kjem heile oppdateringa om alt som har føregått i det siste, kortversionen riktig nok, men oppdatering er det no i det minste:)
Senior Skipday
Senior Skipday er ein tradisjon for svært mange High School-ar rundt omkring i USA. (Nokon har kansje også sett filmen? Det var ikkje sånn min skipday førgjekk, kan eg i alle fall fortelje). Det er egentleg akkurat det det høyrest ut som; alle seniorane skuler skulen denne dagen.
Min dag blei bukt på elva. Rafting! Eg, Nora, Martin og Guillem trossa det relativt kalde vatnet, go plasserte oss i kvar vår oppblåsbare kano (Tahiti) og kasta oss ut på elva. Nora sine foreldre kom også på besøk til Grants Pass i forrige veke, så dei var også med, men dei satt i vanlege gummibåtar saman med Hugh og Bud (nabo). Til tross for at vatnet var grisekaldt i starten, brukte både eg, Nora og Martin meir tid i elva enn i båten. Av ein eller anna uviss grunn kom beinrangelet, Guillem, seg tilbake i båten, nesten før den var snudd rundt.
Me hadde det veldig kjekt sjøl om huden var kraftig raud av sol når kveldinga kom.
Boatnick og Memorial Day
Denne langhelga vert kalla Memorial Weekend på grunn av Memorial Day, som var på mandag. Her i GP er dette ei svært begivenhetsrik helg; Det eg vil kalle Festival helg, og som eg er utruleg glad i:) Dei har tivoli i parken heile helga, ein parade på lørdags føremiddag (nesten som 17. mai tog:D) og båtløp på elva, mandagen. Det er profesjonelle folk som er med i dette båteløpet, og det skal visstnok vere ein god slant med pengar i seierspotten. Me samla oss hos Grandma, som har hus med utsikt ned på elva. Der hadde me lunch, og såg båtane frese forbi:)
Paraden såg eg saman med Jodi og Martin, men etter to timar måtte me gi etter for den sviande solsteiken og gå heim før paraden var slutt. Tivoliet var eg innom eit par gongar, men den eiaste grunnen til at eg gjekk dit, var for å sjå og bli sett. Og det faktum at eg elskar atmosfæren rundt slike opplegg!:)
Bursdags feiring for Nora
På lørdag blei Nora 18 år, og det blei feira med BBQ og fullt hus. Til og med Randy (Nora sin ''boytoy'':P) kom til denne feiringa. Det gjorde merkeleg nok Karleigh og Emily og, men dei blei ikkje verande svært lenge.
Som eg heilt sikkert har nevt før, så er Jeff kokk, og det var derfor fantastisk nydelig mat! Og hans spesialitet, ostekake, er alltid himmelsk!
Eg og Martin satt stort sett på samme plass heile kvelden go berre naut all herlegheita:) FunFunFun!
Crater Lake
På søndag tok me turen til Crater Lake. Det er noko du MÅ gjere om du har budd i Oregon i eit år! Det var absolutt nydeleg der oppe! Veret var fantastisk og det heile var faktisk veldig som å komme til norsk fjellheim. Snø og granskog og raude tømmerbyggningar.
Fleire bilder kjem sannsynlegvis seinare, men for no får det holde med det er har tilgjenngeleg:)
lørdag 23. mai 2009
Boatnick, Bursdag og alt som høyrer med
Jajaja... Eg veit eg e svært dårleg til å oppdatere no, men det er så ALT for mykje som sjer for tida! Eg lover eg skal sette meg ned å gjere dette skikkelig, så snart eg får ei ledig stund. Då kan eg fortelje om, Memorial Day, Boatnick, Rafting, Nora sin 18 års dag, Senior Skipday, Crater Lake og alt anna som førgår her i GP for tida.
Solbrent er eg og blitt for dei som eventuelt lurte på det!:)
Bilder skal eg og få med så snart alt er tilrettelagt for ei god skrivestund!
Solbrent er eg og blitt for dei som eventuelt lurte på det!:)
Bilder skal eg og få med så snart alt er tilrettelagt for ei god skrivestund!
fredag 15. mai 2009
Årets første bad
Jada, då var det og unnagjort! Kansje var det ikkje i sjøen og kansje er det seinare enn vanleg, men kaldt var det uansett...
Eg og Martin fekk nemleg denne gode ideen om at me skulle hoppe i bassenget, og avgjeringa blei tatt før me såg på temperaturen... Desverre.
10 grader celsius, nemleg! Men forfriskande var det i det minste:)
mandag 11. mai 2009
SENIOR PROM 09 <3
Prom var ein fantastisk opplevelse... Som i filmane, berre betre!
Me hadde limo, ein hummer med plass til 20 personar, speil og lys i vegger og tak, sota ruter, bar (jada, alkoholfri), stereo, telefon, og alt verd å ha i ein limo! Ganske greit i grunnen... Ring limoen så han kan komme og plukke oss opp, kor som helst, når som helst.
Middag som VIP på ein resturant som ikkje har opna enno. Neste helg er den store opninga, og sidan me var ''prøvekaniner'' fekk me og middagen gratis + kvar vår vinflaske med spesiallaga cider for anledninga. Grunnen til at me var der, var ein intitasjon frå ei jente på skulen som skal begynne å jobbe der. Maten var fantastisk og bordet hadde utsikt over elva... NYDELEG!
Dansen i seg sjøl var og eit eventyr. Temaet for kvelden var Hollywood Nights, og det var nett som å komme inn i ei anna verd! Kantina og skulen var ikkje gjennkjenneleg! Det var nydeleg pynta, med lys i trea, raud løpar, bogegongar og heile pakka... Til og med ein sjokoladefontene var det der! Og god DJ, og me dansa til me var heilt utslitte!
FANTASTISK KVELD, FANTASTISK MINNE, UTVILSOMT EIT HØGDEPUNKT! <3

tirsdag 5. mai 2009
Seattle<3
I helga har eg vore i Seattle sammen med dei andre ISE utvekslingsstudentane fra Oregon. Eg må heilt ærleg innrømme at eg ikkje såg så verldig fram til denne turen, men då tok eg feil. Hadde det veldig gøy! Va så koselig å sjå mange av dei andre igjen.
Oss frå sør reiste torsdags morgon til Portland. Der sov me hos Gayle (region ansvarlig) til fredag, før me reiste vidare til Seattle dagen etter. Fra Portland tok me og med fleire nye:)
Den beste delen av heile turen var nok baseball kampen på fredags kvelden. Ikkje det at eg er så veldig glad i baseball, men berre stemninga er godt nok for meg. Det var ein relativt bra kamp også. Og heimelaget vann 7-8 så det var relativt spennende!
Me var på to museum; The actvie music project - music museum, og The museum of flight. Veldig spennande begge to, men Museum of flight var nok favoritten! Der hadde dei nemleg ein flysimulator som eg og Marla frå Brasil hadde det gøy med... La meg berre sei det slik; Det blir nok ingen luftpilot av nokon av oss!:P
Var og på det relativt berømte Pikes Place Market, som egentlig er mest som fisketorget i Bergen, synest no eg. Der var me og innom verdas første Starbucks, som opna i 1912.
The Space Needle er jo sjølvsagt også eit must. Me tok ikkje heisen til toppen for det var dyrt og me hadde ikkje så god tid. Dessuten starta det å regne i ekte vestlandsstil, så me bestemte oss for å heller gå tilbake til hotellet og ta kvelden:)
Gøy tur, fantastiske folk! Håper nokon av dei kjem ned her på besøk i slutten av Mai:)
onsdag 29. april 2009
mandag 27. april 2009
Siste tur til kysten
Den føregåande helga var me på campingtur til kysten igjen for å kjøre firhjuling. Eg reiste ut på torsdag etter skulen saman med Marci og Jeff (naboane). Carolyn og dei hadde allereie reist den morgonen, og Nora, Kari, Jeff og co kom etter på fredag.
Mangfoldige timar gjekk med ute på sanddyene, og veret var stort sett fint heile tida, til tross for ein guffeleg temperatur.
Eg fekk meg og eit par flygeturar. Sanden var mykje tørrare denne gongen enn tidlegare, og det fekk eg erfare relativt tidleg. Allerede på første turen kom eg fullstendig ut av balanse og satt kursen rett over styret, for så å få sykkelen veltande over meg. Det blei då sand over ALT og eg jobber fremdeles med å bli kvitt alt det.
Mitt andre fall var resultatet av ein litt fort krapp sving og eg fekk i det minste ikkje sykkelen over meg denne gongen. Eg måtte og snu den over åleine, og om du nokon gong har prøvd å løfte ein 350 cc Banshee, så veit du at det kan vere ganske tongt.
Eg hadde alt i alt ei fin helg, sjølv om eg er litt stiv og støl no. Og glup som eg er, tok eg desverre ingen bilder denne gongen, men Carolyn tok i det minst nokre få:
Nathan tok sin første turut på sanddynene, med nyinnkjøpt sykkelhjelm og køyrebiller.
Eg og Dustie og min Banshee!

tirsdag 21. april 2009
Late dagar i GP:)
Som me seie her i GP: It's the climate!:)
Dei siste dagane har vore herlege her i Grants Pass. No er sommeren verkeleg komme, spør du meg. Temperaturane har vore mellom 80-90 F (25-35 C) og sola har hengt på skyfri himmel sidan fredag. Mangfoldige timar blei tilbrakt i ein solstol oppe med bassenget i hagen, og tanning-forholda var det ingenting å klage på:) Carolyn påstod riktignok at både eg og Nora hadde fått for mykje sol, men me syns det var akkuratt nok. Men ho synest da va for gale å sitte i bikini (bak huset vendt mot skogen?) til skue for ein kvar nabo:P
På torsdag er det kysten og firhjuling som står for tur, og så sett eg kursen for Seattle, saman med blant andre Maria, Jakub, Lars, Marthe og Katharina, veka etter:)
onsdag 15. april 2009
Ein dag på Grants Pass High
Dette er eit lite prosjekt eg hadde gåande etter anbefaling frå EF, men eg gjorde ein relativt dårleg jobb bak kameraet, så prosjektet vart lagd på is etter lunch. Men her er i alle fall det vesle eg oppnådde.
Justin og Lea søkte andre mogleikar, enn den svette kantine-pizzaen.
Maria visar fram sin flotte smoothie, som såg ein smule giftig ut.
Velkjende Ronnie Fields i djup konsentrasjon til ein forandring.
Kjemi er spennande saker, kan eg fortellja.
Min kjære, smarte lab partnar; Shaolyn
Hayleigh (Grandma i skodespelet vårt) i min teater klasse.
Katie, Matt og Brittney i full aksjon på storscena.
Morgonstund har gull i munn... Så sant Nora har fått sin daglege dose Duch Bros kaffi.
Robert er svært fasinert over det norske språk som han får høyre både titt og ofte.

fredag 10. april 2009
Jakta på promdress = Vellukka!
torsdag 9. april 2009
Bok!
I dag fekk eg endeleg boka som Mari og Tonje laga til meg, og mange andre skreiv helsingar til oss før me reiste hit:)
Va så glad då eg reiv papiret av pakken! Takk, jentene mine<3 (No er dagboka snart på vei og)
Va så glad då eg reiv papiret av pakken! Takk, jentene mine<3 (No er dagboka snart på vei og)
onsdag 8. april 2009
Det norske språk...
Frå no av har eg eit nytt mål med bloggen: Ikkje skrive meir på dialekt! Eg har
nemleg lagt merke til at mitt skriftlege moderspråk er starta å falme litt. Det er nemleg ikkje så lett å hugse på alle nynorske grammatikkreglar når alt ein skriv er på engelsk. Så i framtida skal eg skrive mest på bokmål og kansje eit par innlegg på bokmål og. Eg skal jo tross alt få ståkarakter i norsk til neste år og. Det er i det minste planen!:)
Ellers så kan eg nemne at jakten på ein ''Promdress'' er no i gong. Prom skal arrangerast 9. mai, så det heile nermar seg no med sjumils steg. Så langt har eg berre kikka litt rundt på nettet, men på fredag skal eg, Nora og Carolyn verkeleg ut å jakte. Oppdatering frå det kjem nok og:)
Her er eit par kjolealternativ så langt:

søndag 5. april 2009
I <3 NY!
Eg har altså vore i New York i Spring Break! Då fekk eg endelig sjå Mari igjen!:D
Eg og Marthe reiste fra Medford torsdags kveld og brukte heila natto på å reisa. Når me landa i Newark, New Jersey, tok me taxi te hotellet, åt frukost og så sovna me i lobbyen. Me va dei aller første som kom der te. Fredagen blei ein lååång dag for oss, sio me va så trøtte, men da va gøy å treffa alle dei nye folko og:) Me va tilsammen 39 studenta og 4 voksne. Eg delte rom med Mari, Åshild (Norge) og Anna (Danmark)! Kjempe koselige folk! Me va seks norske folk på denna turen: Eg, Mari, Marthe, Åshild, Benedickte og Henrik.
Lørdag starta me med ein ferjetur fra Staten Island, forbi Frihetsgudinno, som viste seg å vera skuffande liten... Mahatten, derimot, va skremmande stort! Og ikkje minst høgt! Me vandra rondt på Manhatten ei god stond. va innom Broadway, Wall Street, Ground Zero, Chinatown, Soho, Little Italy og masse anna. Dagen blei avslutta med ein tur opp på Brooklyn Bridge med utsikt øve heile Manhatten.
Søndag va me klare for nok ein travel dag. Då sto blant anna Central Park, Grand Central, Fifth Avenue, World's biggest Macy's og Times Square for tur. Og tru da eller ei; me fekk tatt oss ein tur innom den norska sjømannskjørkjo og! Da va koselig å treffa på norske folk som ikkje e utvekslingsstudenta, te ein forandring!:P Me traff og på ein norsk trio i Central Park... Ikkje sant vel, Mari!?;)
Min favoritt del av heile turen må nok vera avsluttningo: Times Square! Eg visste da va stort og fullt av lys, men da va meir enn eg va forberedt på! Da va GIGANTISK! Nesten som ein drømmeverden!
Da va lite kjekt å vera nødd å avslutta turen på mandag! Uff... Hadde ei fantastisk gøy helg! Så va da långe time på flyet åleina, tebake te Grants Pass:)
Abonner på:
Innlegg (Atom)