torsdag 24. juli 2008

PakkPakkPakk


Sånn ser det ut heime når eg pakkar:)

No e da berre to korte dagar til eg reiser! No driv eg å styrer med dei siste førebuingane og pakkar og skal gjere alt klart. Har litt nerver no må eg innrømme. Heile denne veka har eg styrt på og vakska på kler. Kunne egenlti tenkt meg å berre ta med meg alt eg har (eller det meste), men det kan eg jo sjølvsagt ikkje...


Har og hatt mange avskjedsseansar denne veka. Eg klarer på ein måte ikkje å bestemme meg for om eg likar det eller ikkje: Det er selfølgelig ikkje lett å sei hade til venner og familie og vite at eg ikkje får sjå dei igjen på mange månadar, men på den andre sia, så syns eg det er spennande å vite at eg snart skal reise. Åsså er det så koselig å få så mange klemmar og hørre at folk er glad i ein og kjem til å savne ein! Sjølv om eg har sagt hade til mange, gjennstår dei det er aller tyngst med. Dei beste venninnene mine og den aller nærast familien, og selfølgelig kattane!


Ellers har eg snakka med familien min på telefon litt denne veka. Dei gleder seg visstnok veldig til eg skal komme:-) I Mars vil dei ta meg med til Mexico den veka eg og Anaelisa har bursdag! Det gler eg meg til! Eg har sikkert ikkje skreve noko om det, men Ana, vertsmor mi, er Mexicansk:-) I går fekk eg også ein mail frå område representanten min, Shallon. Dei første dagane mine i Oregon skal eg bu hos henne, fordai Ana er i Mexico då og. Anaelisa skal komme dit og vere med meg!
Tone:-)

tirsdag 15. juli 2008

Den amerikanse ambassaden!


I dag har eg vore på den amerikanske ambassaden med visum søknaden min. Noko meir alvorlig trur eg aldri eg har vore med på!


Rundt ambassaden var det eit høgt stålgjerde, og på andre sida av vegen var det eigen vaktpost for politiet. Så måtte eg stå i kø då... Heldigvis var me der tidleg slik at vente tida ikkje vart så veldig lang. Litt i overkant av ein time tok det heile.

Før eg fekk komme innanfor gjerdet og inn på sjølve ambassaden, måtte eg gjennom sikkerhetskontrollar i hytt og pine... Det var litt ekkelt!

Så når eg kom inn i bygget måtte eg levere frå meg alle papir + pass og pengar, og så var det enno litt meir venting.


Når eg kom fram til luka satt det ei koseleg amerikansk dame som stilte meg nokre få spørsmål... Det tok toppen 5 min.

Så var faktisk alt ferdig! No må eg berre vente på å få tilsendt visumet og passet!


Eg og mamma var i Oslo over natta, og det blei (heldigvis) og tid til litt shopping!:)

No er det og berre 11 dagar til eg reiser!


Tone:)

søndag 29. juni 2008

Reiserute!

I går fekk eg reiseruta eg og dei andre på mi gruppe skal reise etter om ein månad:

1. Bergen: Dette er sannsynlegvis berre eit stykke av vegen til Oslo. Står ikkje i reiseruta, men eg går ut i frå at det må bli slik.

2. Oslo: Her skal me møta på Gardemoen tidleg om morgonen den 26. juli. Nermare bestemt kl. 04.30. Flyet skal gå ca to timar seinare.

3. Paris: Charles de Gaulle! Her skal me mellomlande og blir verande i litt over fire timar. Men fire timar er ikkje noko problem, for denne flyplassen skal vere så stor at det går buss/tog på ende til ende! Då kan eg også sei at eg har vore i Frankrike.

4. Boston: Sidan Stonehill College ikkje ligg så langt utanfor Boston, er det her me landar i USA for første gong. Dette skjer ein gong på ettermiddagen, norsk tid.

5. Medford: Her skal eg fly til to veker etter eg har kommt til Boston. Då skal eg til vertsfamilien min, endelig!

torsdag 26. juni 2008

Grants Pass High - Bilder av skulen

Samlingssalen

Basketballhallen


Skuleområdet

Hovudinngangen








torsdag 19. juni 2008

Endelig!:-D

I dag fekk eg endelig brevet frå EF om at dei har funne vertsfamilie til meg! Eg skal til familien Chapman som bur eit stykke utanfor Grants Pass i Oregon. Dei er ein familie på 4 + ein hund. Den eldste av barna er ei jente på 17 år, altså på min alder. Dei har og ein gut som er 7 år gamal.

Skulen eg skal gå på heiter Grants Pass High School og ligg ca. 12 km (8 miles) frå der eg bur. Fargane til skulen er blå og kvit og maskoten er ein huleman eller ''caveman''. Det går omlag 1800 elevar der. Skulen er altså ein del større enn den eg gjekk på her heime. Nokre av sportane dei har på skulen er football, fotball, svømming, tennis, basketball og golf.

Skal skrive meir om både skulen, byen og familien når eg får lest litt meir!:)

Tone:)

mandag 16. juni 2008

Visum papir!

No har eg ENDELIG fått visumpapiro! Da tok virkeli si tid. No må eg berre venta på nytt pass og så komma meg te ambasaden så fort som mulig. Den delen med ambasaden grue eg meg veldig te! Amrikanarane e litt paranoide. Me får ikkje har med oss baga, vekse, handlepåsa eller nåke inn på ambasaden, og me e nødd å gå inn åleina... Skummelt! Men da blir bra når da e øve stått!

Ellers så har eg å Mari hatt avskjedsfest og bursdagsfeiring denna helgo. Da va utruli koseli, og nesten alle vennene våre va der! Tonje og Mari hadde gjort noko veldi koseli for oss... Dei hadde kjøpt kvarsi bok te oss, som dei fekk folk te å skriva helsinga til oss i:) Har ikkje fått den boko endo, men eg gler meg veldi te da! Da va så søtt gjort av dåke, jente! Tusen Takk!:)

Eg har fremdeles ikkje fått nåken vertsfamilie... Og no stresse eg meir enn nokon gong! Eg e klar øve at dei fleste ikkje får familie før i mai/juni, men no e me jo et godt stykke ut i juni og da e ikkje lenge te eg reise! Jaja... Da kjeme vel...

Tone:)

søndag 18. mai 2008

Still waiting!

Ingenting nytt om vertsfamilie endo... Vente fremdeles i spenning, men eg håpe virkeli da sjer noko snart! Eg hate å ikkje ha kontroll på sånt. Serli detta som faktisk e litt stort og!

Men no som eg sitte her og skrive så tenkte eg at eg kunne skriva ner koffor da blei sånn at eg bestemte meg for å reisa... Men når eg tenke øve da så e da ikkje den heilt store historien egentli. Da berre sjedde. Når Mari skulle te Bergen på informasjonsmøte, berre bestemte eg meg for å bli med. Da va nesten litt på tull te å bjynna med, og hadde eg hatt nåke anna eg skulle den ittemiddagen så hadde eg sikkert ikkje blitt med.
På da møte fekk me et søknadspapir som me berre tok med heim og fyllte ut, og plutselig kom da ein invitasjon til intervju i Haugesund. Eg reiste te Haugsund, eg og snakka med ei koselig dama ei stond. Så ei veka seinare fekk eg MÅNGE papir som skulle fyllast ut og sendast inn, og når da va gjort gjekk da heila stort sett slag i slag. Og no sitte eg her og ska reisa om berre to måneda. Løie å tenka øve!

Snakkes
Tone:)