søndag 27. juli 2008

Stonehill College!

Sunniva på Charles de Gaulle

Flyturen over dammen


Boston!

Kvalm kake


FRAMME!:D

Etter mange lange timar på fly er eg endelig framme i USA. Har riktignok allereie vore her ei stund no då. Var heilt utslitt då me kom fram til Stonehill i går kveld. Det er utruleg stort og fint her! Alt er veldig velstelt og reint... Romma er heilt greie dei og.



Flyreisa i går gjekk for så vidt greit. Blei litt stress på Gardemoen når insjekkinga hadde tatt så frykteleg lang tid! Då me kom til gaten vår stod det ''Gate Closing'' og me sprang som tullingar nedover gangen og gjennom tax free butikken... Men me kom med flyet då. Me måtte til og med stå å vente ei stund i inngangen. Så kom me til Charles de Gaulle i Paris der Stine venta på oss. Stine skulle egentli vera returnee (ein av studentane som var her i fjor, og skal veilede oss i år), men då me skulle gå på flyet i Paris hadde ein av jentene noko problem med visumet sitt, så Stine blei igjen med ho. Men Stine fortalte oss først mykje om korleis det var på campen, gå på amerikans high school og mykje anna!

Etter me gjekk gjennom passkontrollen i Paris, måtte me gå på ein buss som Skulle frakte oss til den terminalen me skulle gå om bord i flyet. Eg og to andre av EF-gjengen, Cecilie og Sunniva var sist i køen og måtte derfor vente på neste buss. Me blei litt stressa når me kom på bussen og det viste seg at det ikkje berre var ein terminal 2E, men to! Me gjekk heldigvis av på rett då og fant fran til gaten vår. Men eg ville ikkje stressa rundt på Charles de Gaulle kvar dag, for det er mykje stress og flyplassen er SVÆR!



Flyturen tok laaang tid! Eg hadde heldigvis vindusplass sjøl om det ikkje var så fryktelig mykje å sjå mesteparten av turen. Mest hav.

Når me kom fram til Boston gjekk alt veldig greit. Det var mange av EF Staff som stod i annkomsthallen og hoppa opp og ned og vinka på oss når me kom. Så tok det 30 min med buss før me kom inn på Stonehill College! Med ein gong me gjekk av bussen gjekk me bort og åt middag. Det var også dessert etterpå: Brownies med melisglasur! Tre cm brownies og 5 cm glasur, og selfølgelig svære stykker! Eg og Katrine prøvde oss på eit stykke, men blei kvalm etter første skeia:-P



Eg har fått ein romkaerat og. Ho heiter Maria eit-eller-anna, og er spansk. Ho virkar koselig, men snakkar ikkje så masse og ganske dårlig engelsk...



Tone

torsdag 24. juli 2008

PakkPakkPakk


Sånn ser det ut heime når eg pakkar:)

No e da berre to korte dagar til eg reiser! No driv eg å styrer med dei siste førebuingane og pakkar og skal gjere alt klart. Har litt nerver no må eg innrømme. Heile denne veka har eg styrt på og vakska på kler. Kunne egenlti tenkt meg å berre ta med meg alt eg har (eller det meste), men det kan eg jo sjølvsagt ikkje...


Har og hatt mange avskjedsseansar denne veka. Eg klarer på ein måte ikkje å bestemme meg for om eg likar det eller ikkje: Det er selfølgelig ikkje lett å sei hade til venner og familie og vite at eg ikkje får sjå dei igjen på mange månadar, men på den andre sia, så syns eg det er spennande å vite at eg snart skal reise. Åsså er det så koselig å få så mange klemmar og hørre at folk er glad i ein og kjem til å savne ein! Sjølv om eg har sagt hade til mange, gjennstår dei det er aller tyngst med. Dei beste venninnene mine og den aller nærast familien, og selfølgelig kattane!


Ellers har eg snakka med familien min på telefon litt denne veka. Dei gleder seg visstnok veldig til eg skal komme:-) I Mars vil dei ta meg med til Mexico den veka eg og Anaelisa har bursdag! Det gler eg meg til! Eg har sikkert ikkje skreve noko om det, men Ana, vertsmor mi, er Mexicansk:-) I går fekk eg også ein mail frå område representanten min, Shallon. Dei første dagane mine i Oregon skal eg bu hos henne, fordai Ana er i Mexico då og. Anaelisa skal komme dit og vere med meg!
Tone:-)

tirsdag 15. juli 2008

Den amerikanse ambassaden!


I dag har eg vore på den amerikanske ambassaden med visum søknaden min. Noko meir alvorlig trur eg aldri eg har vore med på!


Rundt ambassaden var det eit høgt stålgjerde, og på andre sida av vegen var det eigen vaktpost for politiet. Så måtte eg stå i kø då... Heldigvis var me der tidleg slik at vente tida ikkje vart så veldig lang. Litt i overkant av ein time tok det heile.

Før eg fekk komme innanfor gjerdet og inn på sjølve ambassaden, måtte eg gjennom sikkerhetskontrollar i hytt og pine... Det var litt ekkelt!

Så når eg kom inn i bygget måtte eg levere frå meg alle papir + pass og pengar, og så var det enno litt meir venting.


Når eg kom fram til luka satt det ei koseleg amerikansk dame som stilte meg nokre få spørsmål... Det tok toppen 5 min.

Så var faktisk alt ferdig! No må eg berre vente på å få tilsendt visumet og passet!


Eg og mamma var i Oslo over natta, og det blei (heldigvis) og tid til litt shopping!:)

No er det og berre 11 dagar til eg reiser!


Tone:)

søndag 29. juni 2008

Reiserute!

I går fekk eg reiseruta eg og dei andre på mi gruppe skal reise etter om ein månad:

1. Bergen: Dette er sannsynlegvis berre eit stykke av vegen til Oslo. Står ikkje i reiseruta, men eg går ut i frå at det må bli slik.

2. Oslo: Her skal me møta på Gardemoen tidleg om morgonen den 26. juli. Nermare bestemt kl. 04.30. Flyet skal gå ca to timar seinare.

3. Paris: Charles de Gaulle! Her skal me mellomlande og blir verande i litt over fire timar. Men fire timar er ikkje noko problem, for denne flyplassen skal vere så stor at det går buss/tog på ende til ende! Då kan eg også sei at eg har vore i Frankrike.

4. Boston: Sidan Stonehill College ikkje ligg så langt utanfor Boston, er det her me landar i USA for første gong. Dette skjer ein gong på ettermiddagen, norsk tid.

5. Medford: Her skal eg fly til to veker etter eg har kommt til Boston. Då skal eg til vertsfamilien min, endelig!

torsdag 26. juni 2008

Grants Pass High - Bilder av skulen

Samlingssalen

Basketballhallen


Skuleområdet

Hovudinngangen








torsdag 19. juni 2008

Endelig!:-D

I dag fekk eg endelig brevet frå EF om at dei har funne vertsfamilie til meg! Eg skal til familien Chapman som bur eit stykke utanfor Grants Pass i Oregon. Dei er ein familie på 4 + ein hund. Den eldste av barna er ei jente på 17 år, altså på min alder. Dei har og ein gut som er 7 år gamal.

Skulen eg skal gå på heiter Grants Pass High School og ligg ca. 12 km (8 miles) frå der eg bur. Fargane til skulen er blå og kvit og maskoten er ein huleman eller ''caveman''. Det går omlag 1800 elevar der. Skulen er altså ein del større enn den eg gjekk på her heime. Nokre av sportane dei har på skulen er football, fotball, svømming, tennis, basketball og golf.

Skal skrive meir om både skulen, byen og familien når eg får lest litt meir!:)

Tone:)

mandag 16. juni 2008

Visum papir!

No har eg ENDELIG fått visumpapiro! Da tok virkeli si tid. No må eg berre venta på nytt pass og så komma meg te ambasaden så fort som mulig. Den delen med ambasaden grue eg meg veldig te! Amrikanarane e litt paranoide. Me får ikkje har med oss baga, vekse, handlepåsa eller nåke inn på ambasaden, og me e nødd å gå inn åleina... Skummelt! Men da blir bra når da e øve stått!

Ellers så har eg å Mari hatt avskjedsfest og bursdagsfeiring denna helgo. Da va utruli koseli, og nesten alle vennene våre va der! Tonje og Mari hadde gjort noko veldi koseli for oss... Dei hadde kjøpt kvarsi bok te oss, som dei fekk folk te å skriva helsinga til oss i:) Har ikkje fått den boko endo, men eg gler meg veldi te da! Da va så søtt gjort av dåke, jente! Tusen Takk!:)

Eg har fremdeles ikkje fått nåken vertsfamilie... Og no stresse eg meir enn nokon gong! Eg e klar øve at dei fleste ikkje får familie før i mai/juni, men no e me jo et godt stykke ut i juni og da e ikkje lenge te eg reise! Jaja... Da kjeme vel...

Tone:)